Yrkes- og studiekompetanse

 

(Forkortingar brukt på dette tilbodet er YSK = yrkes- og studiekompetanse)

Hustadvika vidaregåande skole tilbyr i dag YSK på VG1, 2, 3 og 4-nivå med ein ny VG1-klasse frå høsten 2022.

4-årig tilbod

Dette er eit 4-årige tilbod, der elevane får ein kombinasjon av yrkesfagleg-  og studieførebuande utdanningsprogram.

På Hustadvika vgs. kan elevane anten gå YSK - Byggfag (4 år) eller YSK - Teknologi- og industrifag (4 år). Begge tilboda vil gje elevane eit fagbrev/svennebrev og i tillegg spesiell studiekompetanse med full fordjuping i matematikk og fysikk etter fullført utdanningsløp.

Historikk

Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare tekniske- og allmenne fag (TAF), vart oppretta som ei forsøksordning i 1992. Føremålet var å få fleire unge til å velje tekniske utdanninger etter vidaregåande skole til dømes ingeniør, og ein meinte å kunne stimulere til dette ved å lage ei ordning der elevane etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev/svennebrev og spesiell studiekompetanse. Ei ordning som og næringslivet har ønska velkomen.

Dobbel kompetanse

Den doble kompetansen oppnår ein ved at utdanningsprogrammet går over 4 år. Gjennom heile opplæringsløpet nyttar ein utplassering i verksemder; - ei veke på skulen, ei veke i veksemda alle fire åra.

Elevane er i hovudregelen ved same verksemd gjennom heile opplæringa, men unnatak kan skje. Dette gjev god kontakt mellom verksemd og elev, helst i eleven sitt eige nærområdet, og synleggjer på ein god måte moderne teknologifag og industriarbeidsplassar for ungdommen. Verksemdene får eit betre rekrutteringsgrunnlag, og elevane får kunnskap om moglege yrkes- og utdanningsval som ligg i forlenginga av YSK
   

Elev-/lærlingstatus i det 4-årige løpet

Dei to første åra har ein status som elev, dei to siste som lærling. Lærekontrakt vert inngått ved starten av det tredje opplæringsåret. Elevane på dette utdanningsprogrammet følgjer bedriftene sitt arbeidsår. Det er og løna arbeid elevane utfører. Elevane/lærlingane får lærlingeløn gjennom alle dei fire åra.

Meir informasjon om lønsordninga for YSK-elevar gjennom dette utdanningsløpet, får du av skulen ved opptaket til skuleplass.
   

Utdanninga er krevjande

Ein bør ha eit godt teoretisk grunnlag frå ungdomsskulen skal ein velje dette utdanningsprogrammet. Det lagt inn krav om karakteren 4 eller betre i både naturfag og matematikk frå grunnskulen.