Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fræna VGS > Nyheter > Til elevar inntatt på Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram 2007/2008

Til elevar inntatt på Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram 2007/2008

Val av matematikkurset Vg1P eller Vg1T. Begge 5 veketimar. Matematikkfaget har to læreplanar på Vg1 (1.klasse) som begge gjev generell studiekompetanse.

Vg1P er meir praktisk orientert.

Hovudområda er: Tal og algebra, geometri, økonomi, sannsyn og funksjonar.

Kurset gjev grunnlag til å velje Vg2P (3 timar) eller matematikk for samfunnsfag S 1 (5 timar) på Vg2 (2.klasse) nivå.

Vg1T er meir teoretisk orientert.

Hovudområda er: Tal og algebra, geometri, sannsyn og funksjonar.

Kurset gjev grunnlag til å velje Vg2T (3 timar) eller matematikk for realfag R 1 (5 timar) på Vg2 nivå.

Vg1T må veljast av dei som vil fortsette med programfaga R 1 og R 2 på Vg2 og Vg3 nivå. Nokre høgskolar og universitet krev spesiell kompetanse i matematikk. Då vil desse programfaga bli kravd. R 1 og R 2 støttar og andre realfag som til dømes fysikk.

Dersom du alt no greier å velje så kan du krysse av og sende tilbake til skolen.

Elles vil du ved skolestart få meir orientering om valet og du må gjere valet i løpet av dei første skolevekene. Dersom du ikkje er heilt sikker på ditt val, så bør du og vente med å kjøpe lærebøker i matematikk

Namn:__________________________________

Eg vel: Matematikk Vg1P:____ Matematikk Vg1T:______

Sendes: Fræna vidaregåande skole, 6440 Elnesvågen.

Kan og sende melding på mail til: Nils.Olav.Hoemsnes@mrfylke.no