Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fræna VGS > Nyheter > Flyktningetenesta på besøk i 1ST Internasjonal

Kontaktpersonar

Berna Gule
Adjunkt m/tilleggsut
Mob. 906 51 212
Send e-post

Flyktningetenesta på besøk i 1ST Internasjonal

Tysdag 7.februar hadde elevane i 1 ST Internasjonal besøk frå Flyktningetjenesten  i Fræna. Skulen har i mange år hatt internasjonal aktivitet for å skape forståing og toleranse.  Prosjektet denne gongen dreier seg om flyktningar og integrering. 

Mohammed Abdalqader frå Palestina og flyktningekonsulent Anne Uran Larsen

Klasseutvekslinga skjer med Sevilla i Spania. Elevane skal mellom anna lære korleis samarbeidet mellom ulike instansar fungerer i arbeidet med busetjing, språkopplæring, utdanning og arbeid.

Oppgåvene til flyktningetenesta  er  å ta i mot og hjelpe flyktningar i etableringsfasen slik at integreringsprosessen blir best mogleg. Dei tilbyr introduksjonsprogram og gir praktisk hjelp, råd og rettleiing. Dette fekk elevane høyre meir om da Mohammed Abdalqader frå Palestina og flyktningekonsulent  Anne Uran Larsen besøkte klassen. Mohammed kunne fortelje om erfaringane sine med å komme til Noreg, og det å bu på transittmottak og seinare på mottak. Denne gongen hadde vi berre ein skuletime til disposisjon, men det  vil nok bli meir kontakt når elevane frå Sevilla kjem for å lære om korleis vi tek i mot folk på flukt.

Elevane frå Fræna vidaregåande skule dreg til Spania allereie i april, medan spanjolane kjem til oss neste skuleår. Elevane skal bu privat, og vil få lære mykje om kvarandre sin kultur i tillegg til det dei lærer om flyktningar og asylsøkarar. Målet er interkulturell kompetanse.

Bilde av 1ST1