Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fræna VGS > Nyheter > Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er stengt

For å forebygge ytterlegare smittespreiing, har fylkeskommunedirektøren i dag bestemt å stenge dei vidaregåande skolane i fylket. Stenginga gjeld frå og med 13. mars og gjeld i to veker. Stenginga er i samsvar med nasjonale retningslinjer.Skolane er ikkje fysisk stengt, men det vil ikkje verte gjennomført ordinær undervisning i skolebygga og elevar skal ikkje møte opp. Unntaket er elevar ved dei ulike basane for tilpassa opplæring der det etter tett dialog mellom heim og skole vil kunne bli gitt undervisning.

Legg opp til digital undervisning for elevar
All opplæring ved dei vidaregåande skolane vil frå fredag 13. mars verte gitt som heimeundervisning ved hjelp av digitale verktøy. Den enkelte skole vil følgje opp og legge til rette for at dette kan gjennomførast.

Ikkje karantene
Elevar og tilsette er ikkje satt i karantene, tiltaket med heimeundervisning blir innført for å hindre smittespreiing. Det vil også skape ro og tryggleik for elevar, føresette og tilsette.Alle tilsette pliktar å halde seg dagleg orientert om utviklinga koronasituasjonen og eventuelt endring av tiltak frå arbeidsgivar, både på intranett, e-post og gjennom media.

 Sjå elles instruks frå utdanningsdirektoratet

Informasjon til elevar og føresett fra fylkeskommunen.